Nytt faktaark under arbeid
Denne sida er ikkje ferdig utforma, og somme manglar kan
førekoma. For at faktaarket skal verta best mogleg, ynskjer me å
få tilbakemelding frå deg på både form og innhald. Ta gjerne
kontakt med oss på
post@kartverket.no. Om du ynskjer å samanlikna med det gamle faktaarket, sjå
det gamle faktaarket.
Eit stadnamn er namnet på ein lokalitet. Stadnamn skal skrivast
på bestemte måtar. Lov om stadnamn beskriv prosessane for
fastsetjing av skrivemåten og bruken av stadnamn. Kartverket
driftar Sentralt stadnamnregister (SSR), som inneheld offisielle
skrivemåtar og sakshandsamingsinformasjon. Vedtekne skrivemåtar
skal nyttast av det offentlege. Når eit namn ikkje er handsama
etter reglane i lov om stadnamn, kan namnet ha fleire godkjende
skrivemåtar. I slike tilfelle er det oppgjeve kva for ein
godkjend skrivemåte som skal nyttast.
Finn informasjon om stadnamn