Eit stadnamn er namnet på ein lokalitet. Stadnamn skal skrivast
på bestemte måtar. Lov om stadnamn beskriv prosessane for
fastsetjing av skrivemåten og bruken av stadnamn. Kartverket
driftar Sentralt stadnamnregister (SSR), som inneheld offisielle
skrivemåtar og sakshandsamingsinformasjon. Vedtekne skrivemåtar
skal nyttast av det offentlege. Når eit namn ikkje er handsama
etter reglane i lov om stadnamn, kan namnet ha fleire godkjende
skrivemåtar. I slike tilfelle er det oppgjeve kva for ein
godkjend skrivemåte som skal nyttast.
Finn informasjon om stadnamn